Numpy vs Random#

Både i numpy.random og i random ligg det funksjonar som er ganske like, men likevel ulike. Til dømes vil koden

import random
a = random.randint(1, 6)

returnera en \(a \in [1, 6]\). Altså $a \in {1, 2, 3, 4, 5, 6}. Samtidig vil

import numpy as np
b = np.random.randint(1,6)

gje \(b \in [1, 6 \rangle\). Altså vil \(b \in {1, 2, 3, 4, 5}\).

Når ein driv med såkalla “stjerneimportering”,

from pylab import *
c = randint(1, 6)

vil ein dermed ikkje ha oversikt over kor random-modulen er henta…

I det følgjande vil eg bruka random-modulen til numpy sidan denne har fleire aktuelle funksjonar for S1 og S2. Sjekk dokumentasjonen her.

Det er sjølvsagt mogleg å veksla mellom dei ulike biblioteka, gitt at ein held tunga rett i munnen og har kontroll på kvar funksjonane ein nyttar kjem frå.