Utfordringar#

Her kjem det nokre utfordringar du kan prøva deg på.

Tips

Ikkje sjå på løysingsforslaget før du har prøvd lenge sjølv. Det er god trening i algoritmisk tenking.

Plukke kort på gata#

Sett at du går rundt i verda og finn eitt og eitt spelekort på gata. Kor mange kort må du finna før du har ein fullstendig kortstokk?

Tips

Denne er veldig vanskeleg å rekna seg fram til, men simulering er ein fin innfallsvinkel…

Forslag til løysing finn du her

Trille liten straight på tre kast#

Kva er sannsynet for å trilla liten straight (1, 2, 3, 4, 5) på ein runde i Maxi Yatzy, altså med 6 terningar? Det er tre kast kvar runde og du kan ta vare på dei terningane du vil frå kast til kast.

Hint

Start enkelt, og utvid programmet etterkvart

Forslag til løysing finn du her