Vedlegg A — Tips til programmeringa

Det er mange måtar ein kan skrive og kompilere Pythonkode på. Beste tips for programmering i matematikk er å bruka Jupyter-notatbøker. Dette er filer (.ipynb) der ein kan kombinera små snuttar med Pythonkode og tekst (i markdown-format). DEnne boka er stort sett basert på jupyter-filer. Dette er eit døme på korleis ei slik fil ser ut.

A.1 Jupyter lab

Eit godt verktøy for å laga, endra og køyra jupyterfiler er Jupyter Lab. Dette programmet kan installerast på mange måtar. Mitt tips er å installera det gjennom Miniconda. Dokumentasjonen til programmet finn du her

A.2 Miniconda

  1. Gå inn på https://docs.conda.io/en/latest/miniconda.html

  2. Last ned den nyaste installasjonsfila

  3. Installer miniconda ved å køyra fila.

  4. Opne terminal på Mac og Anaconda Prompt på Windows. (På Mac kan du opna spotlight og søka etter programmet, på Windows kan du søka i start-menyen).

  5. I terminal/Anaconda Prompt skriv du desse kodelinjene (linje for linje)

    conda config --add channels conda-forge 
    conda config --set channel_priority strict ​​​​​​​
    conda update -n base -c defaults conda 
    conda install pandas matplotlib jupyterlab ipympl xarray python=3.11 
    conda install scipy sympy
  6. Når du skal bruke Jupyter lab opnar du terminal/Anaconda Prompt og skriv inn

    jupyter lab