1,2,3,4,5,...
Følgjer og rekker (S2/R2)
I dette kapittelet skal me sjå på korleis me kan bruka Python til å arbeida med følgher og rekker.
Ei talfølgje er ein serie tal. Dei kjem på ulike formar. Eit døme på ei talfølgje er:
Dette kjenner me att som dei 5 første naturlege tala, \(\mathbb{N}\), og er eit enkelt døme på ei talfølgje. Kvart av tala i følgja kallar me for ledd. Det første leddet vert kalla \(a_1\) medan det \(n\)-te leddet vert kalla \(a_n\).
Vidare i kapittelet skal me sjå på ulike typer talfølgjer, eksplisitte og rekursive funksjonar for å finna ledd i talfølgjer. Vidare ser me på ulike typer rekker. Før me mot slutten ser på nokre døme på praktisk bruk av følgjer og rekker (lån og sparing).