Om meg

Torodd her 👋 Eg jobbar som lektor i vidaregåande skule. Underviser i matematikk, geofag og geografi. Interessert i teknologibruk i skulen, og spesielt programmering (så interessert at eg har skrive masteroppgåve i emnet 😅) og kunstig intelligens 🤖.

Jobbar stadig med å utvikla den profesjonsfaglege digitale kompetansen (PfDK), så denne bloggen er ein del av dette… Kjekt å både få tenkt litt på korleis programmering kan brukast i skulen, og læra meg noko nytt (Quarto) 😊

På denne bloggen kjem eg til å dela nokre digitale tips og triks samt litt tankar og erfaringar knytt til både KI og programmering i matematikk og geofag 🌋